Fedora Linux-brukardokumentasjon
Fedora-dokumentasjonen inneheld omfattande informasjon om korleis du installerer og bruker Fedora-operativsystemet og programvara som er pakka av Fedora-prosjektet. Fedora er eit stort prosjekt. Derfor vert det her fokusert på grunnleggjande forklaringar og tilvisingar til detaljert dokumentasjon for dei ulike delprosjekta. Eit spesielt fokus er på å gjera det enklare for nye brukarar å komma i gang.
Fri programvare har dei siste tiåra produsert eineståande tekniske prestasjonar og løysingar. Berre eitt døme er Apache-serveren, som i dag vert brukt av dei aller fleste nettstadane og forsyner heile Internett med informasjon. Dette overskyggjer fort eit faktum som Richard Stallman understreka allereie i 1997:
«Den største mangelen i frie operativsystem ligg ikkje i programvara — det er mangelen på gode frie manualar som me kan inkludera i desse systema.» [1]
Det er denne ånda som inspirerer Fedoras dokumentasjonsteam til å gjera det ofte tøffe og tidkrevjande arbeidet med dokumentasjonen vår.
Her finn du ei mengd informasjon:
- Komma i gang
-
Fyrste gong med Fedora Linux? Nye brukarar finn her omfattande informasjon for å komma i gang med Fedora
- Systemoppgradering
-
Har du allereie ein Fedora Linux-utgåve eller Spin i drift? Du treng ikkje å installera systemet ditt på nytt for å få den nye versjonen. Fedora har lagt ned mykje arbeid i å gjera ei oppdatering på staden påliteleg og heilautomatisk.
- Fedora 40 versjonsmerknadar
-
Inneheld omfattande informasjon om nye og endra funksjonar i den noverande versjonen. Brukarar vert tilrådde å skumlesa denne informasjonen for å sjekka om dei kan verta ramma av ei av endringane eller om dei no kan løysa eit problem med ein ny funksjon
- Fedora 39 versjonsmerknadar
-
Fedora støttar den noverande og den førre versjonen. Som ein referanse finn du her ei hurtiglenkje til versjonsmerknadane til dei tidlegare versjonane.
I den øvste linja kan du velja eldre versjonsmerknadar.
- Ei innføring for nybyrjarar
-
Er du ny i Linux? Her gjev me deg nokre fakta, ordtilfang, og lenkjer for ei fyrste orientering.
Du kan òg taka ein titt på Fedora Magazine, som inneheld ofte oppdaterte artiklar av interesse for Fedora-brukarar, frå nybyrjarar til ekspertar, og frå Raspberry Pi til skrivebordet til serverar og skya.
Få hjelp
Det finst mange stadar på Internett som kan hjelpa deg når du støyter på eit problem som ikkje er beskrive i dette kapittelet: diskusjonsforum, bloggar, IRC og mykje meir. Nokre av dei mest populære stadane du kan finna hjelp, er:
-
Ask Fedora - Fedoras kunnskapsbase og fellesskapsdrivne spørsmål-og-svar-side, tilgjengeleg på fleire språk
-
#fedora Matrix-rommet på Fedora Chat - ein av dei viktigaste Matrix/IRC-kanalane som blir brukte av Fedora-brukarar, berre på engelsk
-
Du kan òg taka ein titt på Fedora Magazine, som inneheld ofte oppdaterte artiklar av interesse for Fedora-brukarar, frå nybyrjarar til ekspertar
-
Stack Exchange - eit engelskspråkleg forum for spørsmål og svar, ikkje spesifikt for Fedora
Lista ovanfor er på ingen måte komplett - du kan finna hjelp mange andre stader òg. Ytterlegare informasjon om tilgjengelege ressursar som Matrix-rom og e-postlister er tilgjengeleg på project:ROOT:communications.adoc. |
Før du opnar ein ny diskusjon eller ber nokon om hjelp på IRC, bør du alltid gjera nokre få undersøkingar på eiga hand. Viss du støyter på eit problem, er det som regel ein god sjanse for at nokre andre har støytt på det same problemet før deg og publisert ei løysing ein stad. Å starta ein diskusjon om noko som allereie er forklart ein annan stad, eller å stilla eit vanleg spørsmål som har vorte svart på mange gonger før, vil sannsynlegvis ikkje resultera i eit vennleg og konstruktivt svar.
Når du ber om hjelp til å feilsøkja problem knytt til installasjonen, kan du verta bede om å oppgje loggfiler som er genererte av installasjonsprogrammet. Sjå den tilhøyrande dokumentasjonen for å finna ut korleis du får tilgang til ei passande loggfil.
Vert med i fellesskapet
Fedora har eit levande fellesskap. Møteplassen er Fedora Discussion forumet.
Fedora er eit enormt prosjekt. Nokre av oss hugsar sikkert då me først byrja å engasjera oss i Fedora. Det var ikkje lett å få oversikt og å finna ein måte å bidra med sine interesser og ferdigheiter på best mogleg måte. Heldigvis har me no eit initiativ som skal bana veg for nye deltakarar og gje litt rettleiing. Tak ein titt på 'Ikkje sikker på kvar du skal byrja? Kom og heng med oss!' og/eller gå inn på 'Velkomen til Fedora' aktivitetar.
Korleis hjelpa oss og gje deg tilbake eit betre fungerande Fedora
Fedora Documentation Project vedlikeheld berre dokumentasjon for den nyaste versjonen og den førre. Me bevarer òg eldre dokumentasjon på denne nettstaden av historisk interesse og for å anerkjenna det generøse bidraget av tid og innsats frå mange, mange forfattarar og omsetjarar.
Hjelp oss med å forbetra dokumentasjonen
Me arbeider kontinuerleg med å oppdatera og forbetra denne dokumentasjonen. For å gjera dette er me avhengige av tilbakemeldingar. Viss du finn feil, saknar eller ikkje forstår noko spesifikk informasjon, eller har forslag til forbetringar, kan du opna eit problem på dokumentasjonsarkivet vårt.
I problemet:
-
Skriv ei oppsummering av feilen eller forslaget ditt i feltet
Issue Title
. -
Kopier fylgjande mal inn i
Comment
-feltet, og beskriv feilen eller forslaget so spesifikt du kan. Viss mogleg, tak med litt tekst rundt, slik at me veit kvar feilen oppstår eller forslaget passar inn.Document URL: Section name: Error or suggestion: Additional information:
-
Klikk på knappen Create Issue .
We appreciate everyone who put in the effort to improve documentation.
Want to help? Learn how to contribute to Fedora Docs ›